Julekonsert i Vaksdal med TAUS & Frida Amundsen - 15. Desember kl 17
I fjor arrangerte TAUS (Oda Eirin Almeland) og Frida Amundsen julekonsert på Voss. Det vart ein kjempesuksess med utseld lokale!🌟
I år ynskjer artistane å spre julestemningen forbi Voss sine grenser og tek difor turen til Vaksdal samfunnssal søndag 15. desember klokka 17:00!
Sikre deg billett til årets julehistorie, julekonsert og julestemning!
TAUS er den 23 år gamle artisten Oda Eirin Almeland frå Voss. Ho lagar energisk vossapop med norske tekstar. Ordet taus betyr “stille”, men på vestlandet betyr det også “jenta”. Debutsingelen “Tyven”, vart A-lista på NRK P1 og og nermar seg eit halvt år i rotasjon der. I veke 38 var “Tyven” på ein av topp ti mest spelte låtar på norsk radio.
Frida Amundsen er ein artist og låtskrivar frå Vaksdal. Frida signerte platekontrakt med EMI Music då ho var 17 år gamal. Hennar fyrste singel "Closer" vart den mest spelte låta på radio då den vart gitt ut i 2011. I 2022 begynte ho å posta norske oversettingar av kjente engelske låtar på sosiale media, som har samla fleire millionar visningar. I 2023 signerte ho med Sony Music Norway og er no ute med singelen «Kordan kan eg gi slipp» (Oversettelse av «How do I say goodbye).
Einschränkungen
Garantert Jolastemning
Dørene opnar 16:00
Konsertstart kl 17:00
Verzichtserklärung
Kjøpte billettar blir ikkje refundert.