page view image

Smalahovesleppet 2024

SMALAHOVESLEPPET - I FULL KOK PÅ MEIERIET!

Opplev det einaste Smalahovesleppet i verda - på Voss - og for fyrste gong på Meieriet!
Ein smaksrik fest og eit kulturelt høgdepunkt med noko for alle.

Information
event image

Sjå https://smalahovesleppet.no/ for heile programmet.

__________________________________________________
TORSDAG

18:00
MOR DI OG DEI - (INTIM) KONSERT MED OLAV STEDJE
TORSDAG 26.9
MEIERIET
18 års aldersgrense

Enkelt og greitt: Olav Stedje kjem, og det gjer mor di og. Verre er det ikkje!
Sannsynlegvis den mest sjarmerande konserten du har opplevd på denne sida av nittitalet.
Perfekt opplegg - kjøp ein billett til mor di og dei, og få igjen (med renter) til jol!
Far din vil garantert på Vossakvelden etterpå, så han kan like gjerne få bli med (pappa betaler!)

20:00
EPISK VOSSAKVELD MED QUIZ, BINGO OG (MEDBRAKT) SAU!
TORSDAG 26.9
MEIERIET
18 års aldersgrense
(Drillo og Scheie måtte diverre melde avbod grunna sjukdom. Istaden får du verdas beste reservelag!)

Er du sportsidiot? Snakkar du framleis om fotballkampar du såg for 20 år sidan? Er du fanatisk oppteken av kommunalpolitikk og gamle reguleringssaker? Har du ei platesamling som du aldri blir ferdig å høyra på? Likar du å vinna i bingo? Denne kvelden er til deg!

- LEGENDARISK QUIZ med Davy Wathne, eks-ordførar Hans Erik Ringkjøb og Arne Hjeltnes!
- Tormod "Tommen" Knapstad heisar opp stemninga med den sagnomsuste musikkbingoen sin!
- Fare for at me får besøk av fleire kjendisar!
Samle eit lag (hugs å ta med damene!) og bli med på galskapen!
_________________________________________________________
FREDAG

18:00
LITT TAO KVART
LOKALREVY OG BONDEPUB
FREDAG 27.9
MEIERIET
18 års aldersgrense
Har du traktor? Har du sau? Har du kyr? Har du hund eller katt? Likar du lukta av nymøka gras om våren? Bur du utanfor sentrum? Høyrer du til eit grendalag? Bondelaget? Småbrukarlaget? Bygdekvinnelaget? Handelslaget? DENNE KVELDEN ER FOR DEG SOM LIKAR BYGDA BEST!

- Dei aller beste revynummera frå grendalaga kjem på rad og rekke!
- Dans og bondepub med Uncle Bennys Building Supplies Band
- Me har invitert ein eksentrisk danske som speler sørstatsmusikk på heimelaga gitarar
- Diskutér mjølkekvotar og gjerdeplikt i trygge omgjevnader!
- GRATIS TRAKTORPARKERING (kun 50 kroner viss den ikkje er raud)
- Levér i frå deg trekkspelet i døra og få halv pris på t-skjorte (OBS du får det ikkje tilbake).

_____________________________________________________

LAURDAG

HEILT GRATIS!
FØRFEST MED 3x HJELTNES OG B-KJENDISAR
LAURDAG 28.9 - 17:00-19:00 (dørene opnar 16:30)
Dette er podcasten som tek for seg det meste, og som kan svinga alle vegar.
Det einaste som er sikkert er at MOR ANDI kjem og seier det ho meiner, og at alle får SUKKER I BUKSA.
Kom tidleg og få GRATIS DRAVLE servert i alt for små beger med ei sånn skei som er vanskeleg å eta med.
 

19:00
"HOVE FOR HOVE"
SMALAHOVEMIDDAGEN OVER ALLE SMALAHOVEMIDDAGAR!
LAURDAG 28.9 - 19:00 (hugs å få med deg førfesten med Hjeltnesane fyrst!)
OBS! BEDRIFTSBESTILLINGAR SENDER DU TIL heiltsjef@smalahovesleppet.no
20 års aldersgrense
MEIERIET

Den einaste festen der (rein) florsdress er flottare antrekk enn vanleg dress.
- Arne Hjeltnes er festleiar
- Bingo med B-kjendisar - tvilsame premiar!
- Dans med Strók
- Alt kan skje
- Drosjane hentar med fyrste ledige bil når du har fått nok, eller avløysaren ringer.
- Viss du leikar med maten får du melding med heim frå Mor Andi.

handel voss meieriet sentrum musikk konsert fest smalahove smalahoveslepp arnehjeltnes olavstedje strok voss galskap bygda revy bondelaget humor matfestival davy wathne kompani lauritzen knapstad hjeltnes sjur løne bingo sleppet stedje ringkjøb quiz tjuvgods mordi

Restrictions

18 års aldersgrense torsdag og fredag.
20 år laurdag.

Waiver

Kjøpte bilettar refunderast ikkje, men du kan selja dei til folk som var treigare enn deg.