Uncle Benny`s Building Supplies Band @ Hedleberget

Arrangementsinformasjon

Uncle Benny`s Building Supplies Band har gneka skit av både banjo og bass, og klinkar til med konsert i fantastiske Hedleberget den 11. juni.

For å gje deg den komplette konsertopplevinga, med tonar mjuke som nykjidna smør, har me invitert med oss nokre gjestemusikarar denne kvelden. Her er det duka for både «wow-», «ååååhh-», og «ka i h…..-» stemning!

Gjestemusikarane er førebels strengt anonyme for å unngå tabloide presseoppslag og paparazzi som luskar i buskene. Kanskje får de nokre hint om kven gjestane er når det nærmar seg, men tør du å vente med å kjøpa billett? Grunna pandemiske restriksjonar, og sjølvsagt Uncle Benny`s sin massive popularitet, kan det nok vera lurt å sikra seg ein plass i skiferbrotet med det samme.


uncle
bennys
ubbsb
sprilt
hedleberget
voss
visitvoss
bluegrass
americana
country
folkemusikk

Restriksjoner

Covid-19:
Hald deg heime dersom du er sjuk, har symptom eller er i karantene/ventekarantene.

Publikumskapasitet kan endre seg fram til konsertdato jf Covid-19-restriksjonar.
Dersom kapasiteten må reduserast vil billettkjøparar bli prioriterte i den rekkefølga billettane er kjøpt. Eventuelle billettar som ikkje kan nyttast på grunn av endring i kapasitet vil bli refunderte (eks. billettgebyr).

Ved evnt auke i kapasitet vil det bli lagt ut fleire billettar til konserten.

Dersom du kjem i følge med fleire i din kohort eller familie kan de sitte saman - kjøp gjerne billettar samla, og kom samla til inngangen.

Ansvarsfraskrivelse

Alle billettar refunderast dersom arrangementet vert avlyst pga innstramming av Covid-19-restriksjonar. Billettavgift refunderast ikkje.

Publikum må rette seg etter dei til ei kvar tid gjeldande smittevernstiltaka og anvisningar frå arrangør på staden.

Konserten er ute - kle deg etter været!