Frida Amundsen (på norsk!) i Hedleberget

Kom og få heile himmelen i hovudet med Frida i fantastiske Hedleberget!

page view image
Evenemangsdatum

lördag 8 aug 2026 19:30

avslutas lördag 8 aug 2026 21:30
Beställ

Tillgängliga artiklar

ticket item
Enkeltbillett
Enkeltbillett vaksen
ticket item
(ink buss) Enkeltbillett Vaksen
Billett inkludert busstransport T/R Hedleberget-Vangen
event image

Evenemangsinformation

Frida sine eigne låtar på norsk for fyrste gong!
Dette er Frida heilt på ekte, heilt personleg og heilt utan filter.

Frida har for lengst smelta seg inn i hjartet på millionar av lyttarar over heile verda. Frå starten som tenåring hadde Frida allereie ei vaksen stemme. No har ho sjølv blitt vaksen og fyller si eiga stemme betre enn nokon gong før.

Etter ein lang pause starta Frida med å tolke kjende låtar som "Nothing Else Matters", "When You Say Nothing At All" og "Save Your Tears" på norsk og publiserte versjonane sine på sosiale media. Dei enkle og personlege tolkingane hennar fekk raskt eit mykje større publikum enn ho hadde venta. Dei slitte originalane fekk nytt liv, og tekstane ein ny dimensjon gjennom Frida sine ord og tolkingar. Stemma til Frida som tekstforfattar viser seg å vera minst like stor som songstemma ho vart kjend for.

Sidan har Frida gitt ut tre eigne, norske låtar - "Spor", "Hjemmet Mitt i Nord" og "Hjem igjen" som for tida er lista på P1.

I haust kjem altså albumet med heile Frida på norsk - og du som kjem på konserten i Hedleberget kan vera mellom dei aller fyrste som får oppleva det.

Ansvarsfriskrivning

Refusjon av billettar kun ved avlysing av arrangementet.

Arrangör
SPRiLT