Hjälp
© TicketCo AS 2025.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
FREDAG - MEIERIET
LITT TAO KVART MED BONDEPUB OG FLEKADANS!
Det beste frå alle grendarevyane på ein kveld!
Me gjentek braksuksessen frå i fjor!
Enno meir av alt som er gale - heilt utan skammavet å spora.
Etter revyen er det alle mot alle!
Då kan du ta deg ein runde på dansegolvet med Rawhiders, eller
forhandla mjølkekvotar og gjerdeplikt med naboen
i kontrollerte omgjevnader.
Skrifteboksen er open for førehandsskrifting fram til midnatt.
Kom som deg sjølv før nokon andre gjer det.
LAURDAG - MEIERIET
HOVE FÅR HOVE
Smalahovefesten som svir meir enn den luktar, og smakar meir enn den kostar!
Kom som du er i nystroken florsdress eller rufsete byskjorta.
Geir Løne kokar verdas beste smalahove, drosjane køyrer skyttel, naboen din dansar og viss du oppfører deg nokolunde får du kanskje sjans du óg.
Etter hove vert det alle mot alle og dans med Grøftekarane.
Gratis parkering for Massey Ferguson (obs - her er det asfalt, la traktoren stå att).
KJEM DU? DÅ KJEM DU IKKJE ÅLEINE!
Sjå https://smalahovesleppet.no/ for heile programmet!
BEDRIFT?
Kontakt arrangørane på heiltsjef@smalahovesleppet.no for å få alt på ein faktura.