SMALAHOVESLEPPET 2025

page view image
Event date

Friday 26 Sep 2025 18:00

Ends Saturday 27 Sep 2025 02:00
order

Available items

ticket item
LITT TAO KVART
FREDAG 18:00 Det beste frå alle grendarevyane på ein kveld! Bondepub og Flekadans med Rawhiders etterpå. Alle mot alle heilt til drosjane kjem og hentar deg med neste bil. NB kan fort bli utseld!
ticket item
HOVE FÅR HOVE
LAURDAG 18:00 Den einaste smalahovefesten som svir meir enn den luktar, og smakar meir enn den kostar! Dans med Grøftekarane for dei som ikkje har råd til å henga i baren. Hugs å tinga avløysar!
event image

Event information

SLEPP DEG LAUS PÅ MEIERIET!

FREDAG - MEIERIET
LITT TAO KVART MED BONDEPUB OG FLEKADANS!

Det beste frå alle grendarevyane på ein kveld!
Me gjentek braksuksessen frå i fjor!
Enno meir av alt som er gale - heilt utan skammavet å spora.

Etter revyen er det alle mot alle!
Då kan du ta deg ein runde på dansegolvet med Rawhiders, eller
forhandla mjølkekvotar og gjerdeplikt med naboen
i kontrollerte omgjevnader.

Skrifteboksen er open for førehandsskrifting fram til midnatt.

Kom som deg sjølv før nokon andre gjer det.


LAURDAG - MEIERIET
HOVE FÅR HOVE

Smalahovefesten som svir meir enn den luktar, og smakar meir enn den kostar!

Kom som du er i nystroken florsdress eller rufsete byskjorta. 

Geir Løne kokar verdas beste smalahove, drosjane køyrer skyttel, naboen din dansar og viss du oppfører deg nokolunde får du kanskje sjans du óg.

Etter hove vert det alle mot alle og dans med Grøftekarane.

Gratis parkering for Massey Ferguson (obs - her er det asfalt, la traktoren stå att).


KJEM DU? DÅ KJEM DU IKKJE ÅLEINE!

Sjå https://smalahovesleppet.no/ for heile programmet!

BEDRIFT?
Kontakt arrangørane på heiltsjef@smalahovesleppet.no for å få alt på ein faktura.

Restrictions

Fredag: 18 års aldersgrense
Laurdag: 20 års aldersgrense

Waiver

Kjøpte billettar refunderast ikkje - men du kan jo selja dei billig til nokon som ikkje fekk.

Organizer
SPRiLT